Kjære foreldre og føresette. Det nærmar seg at Vg1-elevane våre skal på bli-kjent-tur til Skjergardsheimen ved Nautnes i Øygarden. Dette er fyrste gong Olsvikåsen vgs. sender elevar til dit så vi er alle spente og forventningsfulle.
Frå andre som har vore der høyrer vi om kjekke opplevingar med fiske, teiner, padling, leit i fjøra, bål- og matlaging. Det er pedagogane på Skjergardsheimen som har ansvar for opplegget på dagtid og våre tilsette er deltakar saman med elevane. På kveldstid er det elevane sjølve som styrer aktivitetane. Leirskulen er bemanna heile døgnet, og skulen vil ha ein eller to tilsette som overnattar der.
Transport:
Elevane reiser med buss som går frå skulen kl. 8.30 presis. Retur frå Skjergardsheimen vert neste morgon kl. 9.45. Vi reknar med at elevane er klare for undervisning til 3. time den dagen dei er tilbake på skulen.
Mat:
Alle må ta med matpakke til lunsj. Vi set fram brød og pålegg i kantina på skulen slik at elevane kan smørje matpakke dersom dei ikkje har med seg niste heimanfrå. Om kvelden vert det servert middag og dessert (ca. kl 17), og elevane får frukost før avreise neste morgon.
Sengetøy:
Elevane må ta med sengetøy (dyne- og putetrekk og laken), lakenpose eller sovepose og handduk.
Klede:
Skjergardsheimen sender oss beskjed nokre dagar på førehand om kva klede ein må ha med. Redningsvestar og evt. anna sikringsutstyr vert delt ut på Skjergardsheimen.
Vi forventar at elevane våre viser god oppførsel, at dei tek del i felles aktivitetar og rettar seg etter oppmodingar frå tilsette på Skjergardsheimen og skulen. Skulen sitt ordens- og åtferdsreglement gjeld frå avreise til heimkomst. Ordens- og åtferdsreglement i heilskap ligg på faget OLS-elev på itslearning og på skulen si heimeside.
Eleven må før reisa opplyse skulen om spesielle tilhøve som kan skape vanskar undervegs. Dette kan t.d. handle om (mat) allergiar, sjukdom eller medisinering.
Pakkeliste og ytterligere informasjon om turen
Les meir på heimesida til Skjergardsheimen.
Reiseplan:
25. - 26. september: 1STB og 1STC
26. - 27. september: 1STA og 1KDA
27. - 28. september: 1HOA, 1HOB og 1HOC
28. - 29. september: 1HOD
Beste helsing
Helene Systad, rektor