Hopp til hovedinnhold

Om skulen

Utebilete av volleyball bana med ein grafittivegg i bakgrunnen

Olsvikåsen vgs - ein skule for framtida!

Olsvikåsen vgs har omlag 550 elevar og nær 90 tilsette, som ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Øygarden og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert, og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø. 

Vi tilbyd programområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur.  I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag.  Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening, arbeidstrening og ykesfagleg grunnutdanning. 

På Olsvikåsen vgs er nærleik eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.