Olsvikåsen videregående skole
Skulen ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest, og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Plasseringa saman med den arkitektoniske utforminga, gjev ein campusfølelse der alle vert synlege for kvarandre. Vi har eit trygt og inkluderande skulemiljø der elevane skårar høgt på trivsel, resultat og fullføring. Skulen har eit aktivt elevråd som bidreg til at skulen heile tida utviklar seg.Aktuelle saker
19.02.2024
Ein vellykka dag om demokrati og medborgarskap
Tysdag 13. februar var det klart for demokratidag på skulen vår for andre gong. Dette er ein dag der ein forsøker å sette fokus på tema på en tverrfagleg måte. Alle elevane ved skulen var med på dagen, på tvers av trinn og linje.
12.02.2024
Eit inspirerande foredrag av Emma Ingebrigtsen
Tusen takk for eit inspirerande og tankevekkjande foredrag, Emma Ingebrigtsen! Etter initiativ frå vårt flotte russestyre, vart Emma invitert til skulen for å halda eit foredrag om russetida.
08.02.2024
Festivalbesøk på LitfestBergen
Korleis er ein heilt vanleg dag på jobben? Kvifor er vi ofte så redde for å snakke om døden?