Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

To elevar står og  les mellom bokhyllene

Biblioteket finn du i 1. etasje - til venstre når du kjem inn hovudinngangen.

På biblioteket får du låne skulebøkene du treng gratis.
Alle elevar får eit eige bokskap til å legge bøkene i.
Du må ta med eigen hengelås.

Opningstider

Skulebiblioteket er ope:

  • Måndag - fredag: kl. 08.00- 15.30

 

Biblioteket skal vere ein god stad for læring og arbeid

Ein plass for å

  • lese alle typar bøker, tidsskrift eller aviser
  • jobbe med gruppearbeid i eigne sittegrupper
  • gjere lekser
  • vere sosial

Bibliotekkatalogen 

I bibliotekkatalogen, websøket, kan du:
  • søke etter bøker og filmar
  • få ein oversikt over låna dine på Mi side
  • fornye lån
  • reservere bøker og filmar
  • lage nytt passord

Last ned appen Bibliofil i Google Play/App Store. Då har du både lånekortet ditt og heile bibliotekkatalogen på mobilen din.

Utlånspraksis

Utlån

Alt som skal takast med ut av biblioteket, skal registrerast. Lån skal registrerast hjå bibliotekaren, på sjølvbeteningsmaskina eller i permen.

Innlevering  

Lever til bibliotekaren eller putt bøkene i bokkassa i gangen utanfor biblioteket dersom bibliotekaren ikkje er der.

Lånetid for skulebibliotekbøker og anna materiale:

  • 4 veker for bøker
  • 1 veke for DVD
  • 2 veker for tidsskrift
  • 1 dag for oppslagsverk og hovudtelefonar

Fornying

  • Bøker og andre media som det ikkje er venteliste på, kan fornyast.
  • Du kan fornye bøker i Mappa mi eller ved å kontakte bibliotekaren.

 

Lånekontrakt
Alle elevar må kvart skuleår signere ein lånekontrakt .
Er du under 18 år, blir det sendt eit signeringsoppdrag til den føresette.
Du kan då låne lærebøker gratis.
 

Erstatning

Du er sjølv ansvarleg for alt materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må bli erstatta. Etter 2. purring utan reaksjon frå lånar, blir det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.

Bookbites

I appen BookBites kan du låne e-bøker og e-lydbøker gratis: Last ned appen i Google Play/App Store og logg på med Feide-kontoen din. 

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

 

Bibliotekaren

Bente har jobba på biblioteket på skulen sidan 2013. Ho kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna.

Bente Solheim Pettersen

spesialbibliotekar
Bente Solheim Pettersen.jpg