Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

To elevar som tar deig ut av ein bakebolle

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Kvifor velje Olsvikåsen?

  • Inkluderande miljø, med høg trivsel
  • Sosiale tilstellingar
  • Flott utemiljø
  • Gode bussforbindelsar
  • Tilpassa opplæring

Kvardagsliv

Opplæring i grunnleggjande ferdigheiter og fag gjennom tre år i ein liten klasse. Vi har lokaler som er delvis tilpassa rullestolbrukarar og ein fin uteplass.

Elevgruppe

Elevane i kvardagslivsklassen har utviklingshemming og funksjonshemming av ulik grad og treng tilrettelagt opplæring.

Dei fleste begynner på kommunalt dagsenter etter fullført vidaregåande utdanning.

Arbeidstrening

Elevane deltek i arbeidstrening ut frå eigne føresetnader og interesser. Det kan til dømes vere bryter-styring med makulering, kopiering, papirinnsamling og kaffelaging.

I kvardagslivsklassen lærer elevane grunnleggjande kvardagslivsferdigheiter og har skulekjøkken. 

Det er lagt stor vekt på fysisk trening. Vi har faglærar i kroppsøving og er i terapibasseng ca. ein gong pr. månad.

Vi har kommunikasjonstrening, opplæring/vedlikehald i bruk av lyd/ kroppsspråk, kommunikasjonshjelpemiddel som talemaskin, Rolltalk, symbol, teikn, ordbilde, bokstavar, bruk av PC, Smartboard, nettbrett, lese og skriveopplæring.

Vi har faget «Natur og miljø» der vi fokuserer på til dømes årstider, fenomen i naturen, lokalmiljø og grunnleggjande geografi.

Arbeidstrening - helse og oppvekst

Formålet med arbeidstrening er å gi eleven ein kompetanse i samsvar med dei krava som blir stilt i eit arbeidsforhold ved ein varig tilrettelagt arbeidsplass, og samtidig gi eleven beste moglege utgangspunkt for å møte vaksenlivet. Etter avslutta opplæring skal elevane ha oppnådd ein fagleg, sosial og arbeidsmessig kompetanse som gjer at eleven kan få ein jobb ved ein varig tilrettelagt bedrift eller i ei ordinær verksemd med yting frå NAV

Vi tilbyr

  • Ein spennande skuledag med mykje praksis.
  • Du vil jobbe som ein viktig del av det sosiale miljøet på skulen.
  • Tett og god oppfølging av dei gode medarbeidarane våre.
  • Eit hektisk og spennande læringsmiljø.

I fase 1 blir hovedvekta lagt på å utvikle eleven sin sosiale handlingskompetanse. 

I fase 2 og 3 legg ein vekt på den arbeidsmessige og faglege kompetansen like mykje som den sosiale.

Elevane er utplassert i praksis i bedrift  4-6 veker gjennom skuleåret, resten i skulen si kantine.

I fase 3 tar vi sikte på å etablere tilknyting til arbeidslivet, slik at eleven blir klar til oppstart i tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd med yting frå NAV eller ein varig tilrettelagt bedrift etter endt skulegang.