Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Elev som målar blodtrykk på ein medelev

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

  • Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning.
  • Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel.
  • Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

 

Vg1 helse- og oppvekstfag

Programfaga på Vg1 Helse- og oppvekstfag er:

  • Kommunikasjon og samhandling
  • Helsefremmande arbeid
  • Yrkesliv

Du er utplassert i relevant praksis i faget yrkesfagleg fordjuping gjennom skuleåret, slik at du kan prøve ut ulike yrke innan helse- og oppvekstfaga. Faget er meint å hjelpe deg i val av utdanningsløp. Vi har eit nært samarbeid med Bergen kommune og ei rekkje institusjonar.
I tillegg vil du ha fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Fag- og timefordeling

Søk skuleplass på VIGO

Vg2 helsearbeiderfaget

Som helsefagarbeidar arbeidar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å gje omsorg, praktisk pleie og miljøarbeid til menneske som treng det. Du får utvikle evna til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov.

Fag- og timefordeling

Søk skuleplass på VIGO

Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfaget

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. I barne- og ungdomsfaget lærer du mellom anna å leggje til rette og gjennomføre pedagogiske tilbod for born i alderen null til 18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Vidare lærer du å fremje fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

Fag- og timefordeling

Søk skuleplass på VIGO

Elev som sit forran ei sykeseng

Vegen vidare

Etter å ha fullført Vg2 Helsearbeidarfaget eller Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag, kan du søkje læreplass og ta fagbrev. Læretida er 2 år.  Du kan og søkje Vg3 påbygg.