Hopp til hovedinnhold

Kan musikk hindre utanforskap?

Vi er med i eit forskningsprosjekt på Griegakademiet, der dei vil forske på bruk av musikk for å redusere skulefråfall og sikre elevane si kjensle av tilhøyrsle.

Musikkrommet vårt er ein populær sosial samlingsstad for våre elevar, og vi har eit flott skuleband. Her er det rom for både dei som kan spele og synge, og dei som vil lære det. Vi er spente på kva forskinga kjem fram til!

Les meir om prosjektet her