Praktisk informasjon for deg som skal vera elev ved Olsvikåsen vgs, skuleåret 2025-2026
Informasjon til nye elevar ved skulen
Kjære ungdomar.
Velkomne til nytt skuleår, og særleg velkomen til deg som er ny på Olsvikåsen denne hausten. Vi gler oss til å bli kjent med deg.
Vi ynskjer også alle vg2 og vg3 elevar velkomne tilbake.
Å starte på ny skule er både utfordrande og spennande. Du skal jobbe med nye fag, du vil få nye lærarar og ikkje minst du får sjansen til å bli kjent med mange nye ungdomar. Olsvikåsen har gjennom åra hatt elevar frå ulike delar av Bergen, Øygarden og Askøy. Det synest vi er veldig kjekt, og mange vil knyte venskapsband som varer livet ut!
Eit godt skulemiljø er eit varemerke for Olsvikåsen vgs. og vi brukar tid og merksemd på å legge til rette for at de som er elevar her, skal ha gode dagar på skulen. Å skape eit trygt og godt skulemiljø er eit lagarbeid der alle er med og bidreg, velkomen til å bli med på dette laget.
På heimesida vår finn du nyttig informasjon om skulen og skuleåret. Det er ein god ide å bruke litt tid på heimesida og på den måten gjere seg kjent med skulen og kva som skal skje gjennom skuleåret.
Vi vil ynskje alle hjarteleg velkomne til fyrste skuledag hausten 2025.
Vi startar skuleåret med samling for alle nye elevar på vg1 i gymsalen måndag 18.08 kl. 08.30.
Innføringsklasse/Introductory Class
Elever i innføringsklassene møter opp i gymsalen, mandag 18.august kl. 08.30. Kontaktlærere vil ønske dere velkommen der!
Students in the introductory classes will meet in the gymnasium, monday, 18.08 at 8:30 a.m. Contact teachers will welcome you there!
Elevar som skal ta til i vg2 og vg3 møter i klasserommet kl. 08.30:
Klasse |
Rom |
2STA |
238 |
2STB |
235 |
2STC |
236 |
2KDA |
141 |
3STA |
227 |
3STB |
233 |
3STC |
234 |
3KDA |
203 |
2HEAA |
218 |
2HEAB |
222 |
2BUAA |
206 |
2BUAB |
204 |
3HEAA |
228-229 |
3BUAA |
136-137 |
Praktisk informasjon
Her finn de oversikt over viktig informasjon og diverse skjema de må fylle ut:
Søk Lånekassen om stipend/lån: https://lanekassen.no/nn
- Alle som går på vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Summen vil variere avhengig av kva utdanningsprogram du skal gå på.
- Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.
- Hybelbuarar med over 40 km reiseveg, eller reisetid på meir enn 3 timar om dagen, eller andre særlege årsaker til at dei ikkje kan bu heime, har rett på bortebuarstipend.
- Du kan søke om stipend/lån no. Lånekassen behandler saka så snart du har fått bekrefta skule plass.
Avtale om lån av læremiddel/lærebøker:
https://tjenester.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev
- Du kan låne bøker til utdanninga di på vidaregåande skule gratis. Dette krev at du signerer på ein låneavtale med fylkeskommunen.
- Dersom elev er under 18 år, må også føresett signere på avtalen.
- Klikk på lenke og eleven loggar seg inn med bank-id, les gjennom avtalen og signerer digitalt.
- Når elev har signert, vil det gå ein sms til telefonnummeret til den føresette, eleven har oppgjeve under si signering. Sms vil innehalde ei lenke. Den føresette må klikke på lenka, logge seg inn med bank-id og signere avtalen digitalt.
Lenke til bestilling av elev-pc:
Elev-PC - Vestland fylkeskommune
- Tilbodet gjeld kun for vg1-elevar. Du vil difor ikkje få tilbod om kjøp av elev-pc med rabattert pris gjennom fylkeskommunen i vg2 eller vg3.
- Ved bestilling er det elev som må logge seg inn for å bestille. Dersom andre enn vg1-elev med bekrefta skuleplass loggar seg inn, vil ikkje bestillinga bli godkjent.
Elevar med rett til skuleskyss må bestille dette her:
Velkommen til Skyss Elev!
Du kan ha rett på gratis skoleskyss dersom du bur utanfor ungdomsbillettområdet og har meir enn 6 kilometer til skulen. Det same gjeld dersom du har dokumentert funksjonsnedsetjing eller sjukdom, eller viss du treng båttransport for å kome deg til skolen.