Hopp til hovedinnhold

Skuledans onsdag 26.november

Elevar sit og held opp mobilen sin med lommelykta på

Til foreldre og føresette. Elevrådet planlegg skuledans onsdag 26.11.25, og for at arrangementet skal kunna gjennomførast, treng me hjelp frå dykk.  Dansen varer frå 19.30 til 22.00, og me treng foreldre til stades som vaktar gjennom heile kvelden.

Foreldra bør møta opp ca. 20 minutt før dansen startar (kl. 19.10) og bli igjen ca. 20 minutt etterpå for å hjelpa til med rydding. Nokre lærarar ved skulen vil også vera med for å organisera det heile. Viss nokre føresette berre har høve til å vera ein del av tida, kan me setja opp vaktlag slik at alle får bidrege litt. Me må i så fall vita når de kan vera med. 
Å ha nok vaksne til stades er eit viktig tryggingstiltak – både for branntryggleik og generell tryggleik. Skuledansen kan dessverre ikkje gjennomførast utan foreldre til stades.

Me set stor pris på alle som kan bidra til at elevane får ein trygg og hyggjeleg kveld!
Gi beskjed så snart som mogleg til Fredrikke på e-post: fredrikkebahus@gmail.com dersom du har høve til å vera vakt, heilt eller delvis.

Tusen takk for hjelpa! 

Helsing Elevrådet og elevtenesta