Skulen har gode bussforbindelser til Bergen, Askøy og Øygarden. Vi oppmodar alle om å bruke kollektiv transport til skulen. Vi har eit avgrensa tal parkeringsplassar på skulen.
Skulen har fylgjande retningslinjer for parkering:
For elevar:
Elevar treng ikkje å registrera seg i parkeringssystemet til skulen. Dei kan parkere på dei to nederste radene ved Olsvik kirke, og her gjeld “førstemann til mølla-prinsippet”.
Elevar kan parkerer moped/motorsykkel/scooter på oppmerka areal på parkeringsdekket.
For tilsette:
Tilsette må registrere bilane sine i parkeringssystemet til skulen. Dei kan parkere i parkeringsgarasjen, på parkeringsdekket, langs muren opp til hovudinngangen og på dei to nederste radene ved Olsvik kirke. Vi ber om at tilsette prioriterer å parkere på parkeringsplassane ved skulen før dei tek i bruk kyrkjas parkeringsplassar.
For gjester:
Skulen har to gjeste plassar utanfor hovudinngangen. Dersom desse plassane er opptekne kan gjester nytte øvrige ledige plassar.
Alle gjester må vende seg i ekspedisjonen i 2. etg. for å få bilen registrert ved ankomst.
For forflytningshemma: Skulen har reservert to plassar utanfor hovudinngangen.
Bøtelegging:
Skulen har avtale med parkeringsselskapet VestPark og desse vil ilegge bot til bilar som
- ikkje er registrerte i parkeringssystemet
- står på parkeringsplass for forflytningshemma uten å ha godkjent skilt i vindauget
- står på plassar som er reservert for moped/motorsykkel/scooter
- står på plassar som er reserverte for gjesteparkering uten å vere registrerte
- bilar som står på plassar som er reserverte for skulen sine bilar
- parkerer utenfor oppmerket felt
Ver merksam på at parkeringsreglane kan endre seg i løpet av skuleåret.
Har du spørsmål, ta kontakt med kontoret i 2 etg.
