Bett UK er det største Edtech-arrangementet i verda. Den samlar over 37 000 lærarar, avgjerdstakarar, bransjeaktørar, meir enn 700 utstillarar og 400 foredragshaldarar frå 130 land. Ein av lærarane frå Olsvikåsen vgs. deltok på årets messe.
Arrangementet bidreg til å utvikla og forbetra utdanning globalt.
Hovudtemaet for foredragshaldarane på Bett i år var korleis kunstig intelligens kan takast i bruk i framtidas skule og læring. Spørsmålet er ikkje lenger om AI har ein plass i utdanninga, men korleis ho kan implementerast på ein pedagogisk og ansvarleg måte.
Universitet i mellom anna England og USA samarbeider tett med studentane for å oppmuntre til AI-bruk, og viser korleis arbeidet deira kan utviklast og forbetrast i samspel med teknologien.
Det var mange internasjonalt kjende foredragshaldarar, mellom anna professor Hannah Fry som snakka om korleis kunstig intelligens forandrar klasserommet. Frå personleg tilpassa læring og adaptive vurderingsformer til dei etiske dilemmaa knytte til data, kreativitet og autentisitet.
Fleire av foredragshaldarane drøfta også AI si breiare påverknad på samfunn og arbeidsliv. Dei tok opp spørsmål om likskap, tillit og kva som skal til for å sikre at teknologien tener menneska – og ikkje motsett.

Kunstig intelligens kan identifisera og skilja mellom ulike celler som blir observerte i mikroskop, ved å analysera form, struktur og mønstra i bileta.

Scan UK: G1 er ein humanoid robot som er AI-driven og som kan gjera backflips, kung fu og husarbeid.

Minecraft Educarion er tilgjengeleg gjennom Microsoft 365-utdanningslisens. Funksjonen “Code Builder” kan brukast for å læra programmering i Python eller JavaScript. I Kjemi kan elevane byggja element og eksperimentera med molekyl. Programmet kan også takast i bruk i fag som historie og arkitektur, der elevane kan utforska, visualisera og presentera ulike tema digitalt.
