Hopp til hovedinnhold

Bokinnlevering

Fire jenter sit rundt eit bord og jobbar på pc på skule biblioteket

Det nærmar seg skuleslutt og innlevering av skulebøker.

Før innlevering:

  • Bøkene må vere klargjorde for innlevering. Du må fjerne bokmerke, viske ut notat, osv.
  • Ta med deg alt du har lånt. Sjekk bokskapet ditt!
  • Du kan få ein oversikt over kva du har lånt ved å logge deg inn med Feide på appen Bibliofil eller på internett: https://hordalandvgs.bib.no/cgi-bin/m2-olv
  • Dersom du ønsker å låne bøker i sommar, må du ta med boka for å låne ho på nytt.
  • Dersom du er sjuk, ta kontakt og utsett leveringa.

NB! HUGS at du er ansvarleg for å erstatte akkurat dei eksemplara du har lånt. Dvs. dersom du leverer ei bok i ein annan elev sitt namn, er du framleis økonomisk ansvarleg for det eksemplaret du opphaveleg lånte.
Tapte/øydelagde bøker/materiale skal erstattast med innkjøpspris.
Dersom du ikkje leverer bøker/materiale innan siste frist, vil du få ein faktura.

BØKENE SKAL LEVERAST SEINAST SISTE SKULEDAG, 21. JUNI.