Hopp til hovedinnhold

Demokratidagen 2023

Ordfører Linn Kristn Engø snakkar med fire elevar i eit klasserom

- Om de ikkje nyttar stemma dykkar, er det dei eldre i samfunnet som vil bestemme, seier ordførar Linn Kristin Engø. Tysdag opna ho skulens demokratidag: Ein skuledag med medborgarskap og påverknad i fokus.

Tysdag 21. februar arrangerte skulen «Demokratidag» for fyrste gong. Det var satt av ein heil dag der elevane jobba med ulike tema knytt til demokrati og det å nytte stemma si. Dagen starta på høgtideleg vis med felles samling i gymsalen.
Her fekk elevane høyre tale frå rektor og musikk frå skulebandet før ordførar i Bergen, Linn Kristin Engø, offisielt opna dagen med ein rørande og engasjerande tale om kor viktig det er at ungdom engasjerer seg og bruker si stemme i demokratiet.
Ho fortalte om korleis nærmiljøsaker på Flaktveit motiverte ho til å bli aktiv i politikken, og korleis ho måtte overta leiarvervet i politikken etter at hennar overordna leiarar ikkje kom heim att etter dei tragiske hendingane på Utøya 22.juli.
- Om de ikkje brukar stemma dykkar, er det dei eldre i samfunnet som vil bestemme, sa Engø.

Etter offisiell opning gjekk elevane i blanda grupper til ulike klasserom, der dei sjølv i forkant hadde valt mellom seks tema: Menneskerettar, rollespel om ekstremisme med FN-sambandet, klima og demokrati, finn di eiga hjartesak, lag ditt eige parti, lag din eigen stat, rasisme, fordommar og memes med Raftostiftelsen.
Ordføraren gjekk rundt i ulike klasserom og både høyrde på og utfordra elevane i deira arbeid.

Emir Banir-Saad på vg3 studiespesialisering kan stemme for fyrste gong i haust. Han hadde valt gruppa «finn di hjertesak» og saman med elevane jobba han med å sende ei sak om idrettshallen på Mathopen.
- Mathopen er eit stort idrettslag. Medan det er bygga nye idrettsanlegg fleire stader i byen, verkar det som om Mathopen er gløymd, seier Emir.
Alle prosjekta som elevane arbeida med skulle ende opp i eit eller anna konkret tiltak for å påverke. Emir og gruppa hans ville forme ein epost til politikarane, for å kjempe for at Mathopen vart satt opp som politisk kampsak.
- Eg vart overraska over kor enkelt ein faktisk kan påverke. Ofte tenkjer ein at det krev mykje arbeid, men det er ikkje slik i det heile. No har me sendt ut epostar, og me har allereie fått svar frå politikarane! seier Emir Bani-Saad.

I gangen utanfor klasserommet høyrest høg musikk. Ei gruppe gutar frå klima og demokrati-gruppa har laga seg stand i håp om å påverke medelevar til å verte meir miljøbevisste. Inni klasserommet var det fleire stands og utstillingar, og fleire elever gjekk rundt for å skaffe seg signaturar til deira underskriftskampanjar til mellom anna meir seksualundervisning i skulen, fleire utestader for 18-åringane og meir støtte til skulehelsetenesta for å arbeide med psykisk sjukdom hos unge.
Ungdomane fekk god rettleiing og opplæring av lærarane på skulen. I tillegg var Raftostiftelsen, Natur og ungdom og FN-sambandet på plass med foredrag og opplegg frå sine arbeidsfelt.

- I dag er eg ekstra stolt av å arbeide på Olsvikåsen, seier rektor Helene Systad, som legg til at ho er sikker på at ungdomane etter i dag vil tenkje meir over si eiga rolle i demokratiet.

Skulen arrangerer fleire slike tverrfaglege dagar i løpet av skuleåret, og neste dag kjem allereie om få veker. Då er det skulens sjakk- og logikkdag som går av stabelen.