Før jul hadde vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag hyggeleg besøk av førskuleborna frå Olsvikåsen Kanvas-barnehage.
Elevane hadde satt opp ei koseleg juleførestilling der dei framførte historia om dei tre bukkane bruse som skulle på julefest, der Grinchen hadde rolla som trollet.
Etter førestillinga fekk alle kose seg med heimelaga pepperkaker, mandariner og saft. Det vart også sunge julesongar, noko som skapte ekstra god julestemning for både store og små.

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
