Hopp til hovedinnhold

Stortingspresidenten vitja Olsvikåsen vgs!

Stortingspresident Masud Gharahkhani står på scena framfor eit bilete av seg sjølv og kva han er oppteken av.

Torsdag 2. mai hadde Olsvikåsen vgs den æra å få besøk av stortingspresident Masud Gharahkhani.

Dagen starta velkomst av elevrådsleiar Maren Vaage Handegård, før Gharahkhani talte til elevane om Stortinget og demokratiet, og kva høve ungdommen har til å påverke det samfunnet dei er ein del av. 
Elevane på skulen hadde samla inn mange gode spørsmål som Endre Neverdal og Selma Dilay Can frå politikk-klassen stilte til stortingspresidenten etter talen.

Deretter fekk presidenten møte elevar på helse- og oppvekstfag og sjå på korleis dei jobba i skulen sitt «sjukerom», samt høyre meir om korleis elevane opplever yrkesfaget og høve til å gå ut i lære. Dagen vart avslutta med sofasamtale mellom stortingspresidenten og elevar frå ulike utdanningsprogram på skulen. Her vart tema som fråværsgrensa, utanforskap, og elevanes høve til å påverke kvardagen sin på skulen og elles diskutert.

Tusen takk for besøket!