Hopp til hovedinnhold

Ungdata-undersøkinga 2024

6 elevar sit i ein trapp utanfor skulen

I år blir Ungdata-undersøkinga gjennomført på vidaregåande skular i Vestland Fylkeskommune i veke 4 - 7. Føremålet er at undersøkinga skal gje eit godt bilete av oppvekstsituasjonen til ungdom i lokalområdet.

Den skal gje ungdommen ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i dag.
Underskøkinga skal og skaffe ny kunnskap om ungdommen sine
oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylkeskommunen sitt arbeid med denne
aldersgruppa.
Den skal og gjere det mogleg å samanlikne kommunen med andre kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.

Les meir om undesøkinga og personvern her