Vg2  helsearbeidarfaget
Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å gi omsorg, praktisk pleie og miljøarbeid til menneske som treng det. Du får utvikle evna til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov.
På Vg2 har du programfaga helsefremmande arbeid og kommunikasjon og samhandling. I tillegg vil du ha fellesfaga norsk, naturfag, matematikk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.
Vg2  barne- og ungdomsarbeidarfaget
Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. I barne- og ungdomsfaget lærer du mellom anna å legge til rette og gjennomføre pedagogiske tilbod for born i alderen null til 18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Vidare lærer du å fremje fellesskap og samhold i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.
På Vg2 har du programfaga helsefremjande arbeid og kommunikasjon og samhandling. I tillegg vil du ha fellesfaga norsk, naturfag, matematikk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.
Søk skuleplass på VIGO