Hopp til hovedinnhold

Kunst, design og arkitektur

Elev som skriv bokstavar på ein lysskjem

Er du kreativ og vil lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du kan dermed ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Kvifor velje kunst, design og arkitektur

  • Du får generell studiekompetanse
  • Du får ein variasjon mellom teoretiske og praktiske fag
  • Du utviklar kreativiteten din
  • Du får kunnskap om den visuelle og estetiske verda
  • Du får arbeide med tverrfaglege oppgåver

 

Vg1

På vg1 får du grunnleggande opplæring innan teikning, farge og form. Du får prøve ut ulike teiknereiskapar og teknikkar, og du får i tillegg prøve deg på mønsterdesign.

Du har to obligatoriske programfag. Desse er Design og arkitektur 1 og Kunst og visuelle verkemidldel 1.

Gjennom opplæringa utviklar du praktisk kompetanse og får styrkt dei kreative og estetiske evnene dine. Du lærer å utvikle idear og du får diskutere andre designarar og kunstnarar sine uttrykk. I faga vil du lære designmetodar som kan brukast på mange område.

Fellesfaga på Vg1 er engelsk, framandspråk, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk. Du må og velje eit framandspråk. Vi tilbyr spansk 1, spansk 2, fransk 2 og tysk 2. For dei som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen tilbyr vi spansk I+II

https://www.udir.no/kl06/KDKDA1----

Kunst, design og arkitektur | Vidaregåande opplæring - vilbli.no

Søk skuleplass her: vigo.no

 

Vg2

På vg2 lærer du om grafisk design, illustrasjon og trykk. Du får prøve ut ulike trykkteknikkar og du får innføring i fotografering og digital bildebehandling. I tillegg lærer du om teikning og fargelære, skulptur, komposisjon og idékunst. Du får óg ei breiare forståing av design, handverk, kunst og arkitektur i vår tid. Du lærer også å forstå og analysere omgjevnadane dine. Du har to obligatoriske programfag dette året; Design og arkitektur 2 og Kunst og visuelle verkemiddel 2.

I tillegg skal du velgje eit valfritt programfag. Vi tilbyr:

  • Design og berekraft
  • Kunst og skapande arbeid
  • Arkitektur og samfunn
  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
  • Historie og filosofi
  • Sosiologi


Tilbodet vil vere avhengig av interesse.


Fellesfag på vg2 er norsk, matematikk, geografi, framandspråk, samfunnskunnskap, historie og kroppsøving
Dersom du vurderer å bli arkitekt og studere ved NTNU, tilbyr vi i løpet av Vg2 og Vg3, naudsynt fordjuping i realfag (Matematikk R1, R2 og Fysikk 1)

https://www.udir.no/kl06/KDKDA2----

Kunst, design og arkitektur | Vidaregåande opplæring - vilbli.no

Søk skuleplass her: vigo.no

Vg3

På Vg3 vil du lære å analysere innhald, kontekst og uttrykk i kunst, medium og visuelle uttrykk, både i eige og andre sitt arbeid. Du vil lære å utvikle idear for innovative og berekraftige løysingar for framtida, og du vil utforske det du har lært om form, farge og materiale i arbeid med modeller og prototypar. Du har to obligatoriske programfag dette året; Design og arkitektur 3 og Kunst og visuelle verkemiddel 3.

I tillegg vel du to programfag:

  • Design og berekraft
  • Foto og grafikk
  • Kunst og skapande arbeid
  • Arkitektur og samfunn
  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
  • Historie og filosofi
  • Sosiologi

Tilbodet vil vere avheng av interesse.

Fellesfaga på Vg3 er historie, kroppsøving, norsk, religion og etikk.

Dersom du vurderer å bli arkitekt og studere ved NTNU, tilbyr vi i løpet av Vg2 og Vg3, naudsynt fordjuping i realfag (Matematikk R1, R2 og Fysikk 1)

Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomsskulen må du halde fram med framandspråk på VG3, og då vil du berre kunne velje eit programfag dette året.

https://www.udir.no/kl06/KDKDA3----

Kunst, design og arkitektur | Vidaregåande opplæring - vilbli.no

Søk skuleplass her: vigo.no

Elev tegner hus på data

Vegen vidare

Etter tre år med studiekompetanse, kan du velje mellom mange høgare utdanningar. Både utdanningar innan arkitektur, kunst- og design, men også innan andre felt. 

Sjå meir i hos Samordna opptak