Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

3 elevar som sit i ein raud sofa og ser på ein pc

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialiserende på Olsvikåsen vgs?

  • Hos oss legg vi vekt på eit godt miljø og eit godt forhold mellom elevane og mellom elevar og lærarar.
  • Elevane våre trivst godt, og vi set elevmedverknad og engasjement høgt.

 

Vg 1 studiespesialiserande

 På Vg1 har du fellesfag norsk, engelsk, geografi, naturfag, samfunnskunnskap og kroppsøving. I tillegg skal du ha matematikk. Her vel du enten matematikk 1P (praktisk) eller matematikk 1T (teoretisk). Du skal også ha framandspråk. 
Vi tilbyr:  

  • Fransk nivå II
  • Tysk nivå II
  • Spansk nivå I og  II

Det er vanleg å halde fram med det språket du hadde på ungdomsskulen. Spansk I er i utgangspunktet eit tilbod til dei som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen. Framandspråket du har på Vg1 må du halde fram med på Vg2.

Fag- og timefordeling

Vg2 studiespesialiserande

På Vg2 vel du programområde. Du vil ha fellesfaga norsk, historie, framandspråk og kroppsøving. Du skal óg ha matematikk vidare, enten gjennom fellesfaget matematikk 2P, eller gjennom programfaga matematikk S1 og matematikk R1. I tillegg skal du ha tre programfag. To av programfaga du vel skal du fordjupe deg vidare i på Vg3.  Vi tilbyr følgjande programfag:   

Realfag:

  • Matematikk R1   
  • Matematikk S1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Biologi 1
  • Biologi  2 
  • Geofag 1
  • Informasjonsteknologi 1

Språk, samfunnsfag og økonomiske fag:

  • Psykologi 1 og 2
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Politikk og menneskerettar
  • Rettslære 1 og 2
  • Markedsføring og leiing 1
  • Engelsk 1
  • Historie og filosofi 1
  • Kommunikasjon og kultur 1

Kunst, design og arkitektur:

  • Kunst og skapande arbeid
  • Arkitektur og samfunn
  • Foto og grafikk 1
  • Design og bærekraft

Fag- og timefordeling

Søk skuleplas på VIGO

Vg3 studiespesialiserande

På Vg3 held du fram med programområdet du valgte i vg2. Du vil ha fellesfaga norsk, historie, religion og kroppsøving. Du må i tillegg fortsetje med å fordjupe deg i to av programfaga du hadde i Vg2. I tillegg skal du ha eit valfritt programfag. Har du ikkje hatt framandspråk i ungdomsskulen vil du ha framandspråk i staden for det valfrie programfaget. 

Vi tilbyr følgjande programfag:  

Realfag:

  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Geofag 1
  • Informasjonsteknologi 1

Språk, samfunnsfag og økonomiske fag

  • Psykologi 1 og 2
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Sosialkunnskap
  • Politikk og menneskerettar
  • Rettslære 1 og 2
  • Engelsk 1 og 2
  • Markedsføring og leiing 1 og 2
  • Historie og filosofi 1
  • Kommunikasjon og kultur 1

Kunst, design og arkitektur

  • Arkitektur og samfunn
  • Kunst og skapande arbeid
  • Foto og grafikk 1
  • Design og bærekraft

Fag- og timefordeling

Søk skuleplas på VIGO 

Elevar ser på tavleundervisning

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg.

Sjå meir hos Samordna opptak