Hopp til hovedinnhold

Skulestart 17.august

Vi ynskjer nye og gamle elevar velkomen til skulestart måndag 17. august klokka 08.30.

Oppmøtetid og stad fyrste skuledag  

Vg1:
Elevane møter som følgjer:
- Helse- og oppvekstfag: i skulens gymsal. 
- Helse- og oppvekstfag med studiekompetanse: i skulens gymsal.
- Studiespesialiserande: i kantina i 2. etasje på hovudbygget.
- Kunst, design og arkitektur: på rom 141 i 1. etasje på hovudbygget.

Her finn du eige infoskriv til elevar og føresette på Vg1 

Det vil vere tilsette til stades som kan vise deg kvar du skal møte.  

Vg2 og Vg3: 
Elevane møter i klasserom som følgjer:
2STA: 238
2STB: 235
2STC: 236
2KDA: 135
2BUAA: 206
2BUAB: 204
2HEAA: 218
2HEAB: 222
3STA: 233
3STB: 227
3STC: 234
3KDA: 203
3BUAA: 228/229
3HEAA: 230/231

Det vil vere tilsette til stades som kan vise deg kvar du skal møte. 

Foreldremøte for foreldre til elevar på vg1

Vi inviterer foreldre/føresette til elevar på vg1 til foreldremøte torsdag 27. august kl 16.30 i skulens gymsal.
Vi på Olsvikåsen vgs har eit godt samarbeid med foreldra til elevane våre. På foreldremøtet vil vi informere om skulen, innhald i opplæringa, medverkinga til foreldre, rutinar og anna som er relevant.
Vi ser fram til å møte dykk og gledar oss til eit nytt skuleår i samarbeid med dykk. 

Elev-PC 
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC til skulestart. Du kan kjøpe rimelegare PC gjennom Vestland fylkeskommune. Meir informasjon finn du her: Elev-PC

Vestland fylkeskommune har eit eige IKT-reglement for elevar. Reglementet gjeld for deg som er elev i Vestland fylkeskommune når du bruker fylkeskommunen sine datanettverk, lokale, utstyr, system og programvare. Du finn reglementet her:  IKT-reglement for elevar

Stipend:
Som elev i vidaregåande søkjer du sjølv om stipend. Mellom anna har alle elevar rett til eit utstyrstipend frå Lånekassa. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpe pålagt personleg utstyr som er naudsynt i opplæringa. 

Informasjon om stipend finn du hjå Lånekassen. 

Lærebøker:
Lærebøker som vert nytta i undervisninga får du låne ved biblioteket på skulen. Desse deler vi ut i løpet av første skuleveke. For å låne bøker må du ha signert følgjande elektroniske lånekontrakt før du kjem til biblioteket. 

Du kan lese meir om lånevilkår og erstatningsansvar her.

Bokskap:
Alle elevar får tildelt eige bokskap på skulen ved skulestart. Kontaktlærar vil informere om kva slags skap som er ditt. Til desse skapa må du ha med eigen hengelås. 

Skoleportalen
På skoleportalen finner du nyttige lenker og ressursar du treng som elev gjennom skuleåret, mellom anna tilgangar til alle dei digitale systema du treng. Du finn skoleportalen her: https://www.skoleportalen.no/

Kantine:
Olsvikåsen vgs har ei elevkantine med variert meny og rimelege prisar. Her kan alle elevar få gratis frukost kvar dag frå klokka 08.00- 08.30, og det er mogleg å kjøpe seg både varme og kalde rettar i vekedagane. Det er og mogleg å nyte medbrakt mat i kantina. Kantina har og mikrobølgeovnar og vatnautomatar tilgjengelege for elevane.

Koppar, glas, tallerkar og bestikk er ikkje tillete å ta med ut av kantina- så du må ha med eigne flasker og nisteboksar om du vil nyte mat andre stader på huset. Kantina opnar 21. august. 

Skulereglar:
Vestland fylkeskommune har felles skulereglar, som skal fremje trivsel, respekt og medansvar. Reglane skal fremje god orden, god åtferd og gode arbeidsvanar, og slik leggje til rette for god læring.  Skulereglar for vidaregåande skular i Vestland 

Skuleskyss:
Her finn du informasjon om skuleskyss. 

Vi oppfordrar alle til å reise kollektivt til skulen. 

Parkering:
Skulen har ei eiga sykkel-  og mopedparkering under tak på parkeringsdekket på skulen. 

Du treng ikkje registrering for å stå her med mopeden din. Mopedar som parkerer andre stader på skulens område risikerer bøtlegging. 

Det er ikkje tillete å ta med elsparkesyklar inn på skulen.

Private el-sparkesyklar kan parkerast på sykkelparkeringa. 

Offentlege elsparkesyklar parkerer du utanfor skulen sitt område slik at dei ikkje er til hinder for fotgjengarer eller annan trafikk inn til skulen. 

Skulen har ikke tilgjengelege parkeringsplassar for elevar med bil. 

Føresette som køyrer elevar på skulen må sleppe dei av på parkeringsplassen til kyrkja.  

Treningsrom:
Skulen har eit eige treningsrom som kan nyttast av elevar i og utanfor skuletid. For å nytte treningsrommet må du sertifiserast. Det vert lagt ut meir informasjon om sertifisering og tilgangar ved skulestart. 

Avfallshandtering:
Olsvikåsen vgs er sertifisert som miljøfyrtårn. Alle elevar er pliktige til å rydde opp etter seg i klasserom og fellesområde.  Søppelstasjonar med kildesortering finn du i gangane på skulen. 

Har du spørsmål kring skulestart, så ikkje nøl med å kontakte oss på tlf eller epost. 

Velkomen til eit nytt skuleår!