I november får alle 10. trinn-elevar i Bergen, Askøy og Øygarden kommune tilbod om ein utprøvingsdag på eit av våre utdanningsprogram.
I desse dagar sendast det ut invitasjon til utprøvingsdagar til alle 10. trinn-elevar i Bergen, Askøy og Øygarden kommune. Det er høve å prøve ut ein skuledag frå klokka 09.00-14.00 på studiespesialiserande, helse- og oppvekstfag, eller kunst, design og arkitektur.
Elevar som ønskjer å prøve eit utdanningsprogram hjå oss melder seg på som følgjer:
- Bergen kommune: Via eiga pålogging i "Skole og arbeidsliv"
- Askøy kommune + private ungdomsskular i Bergen: Påmeldingsskjema
- Øygarden kommune + Ravnanger skole: Påmeldingsskjema
Datoar for utprøvingar er som følgjer:
- 03.11: Bergen kommune + Øygarden kommune
- 10.11: Bergen kommune
- 11.11: Bergen kommune
- 12.11: Bergen kommune
- 18.11: Bergen kommune (inklusiv private ungdomsskuler i Bergen) + Askøy kommune
- 19.11: Bergen kommune
Har du ikkje fått eit tilbod gjennom skulen du går på, eller har du spørsmål til utprøvingsdagane, ta kontakt med avdelingsleiar Anne Jordalen på epost anne.jordalen@vlfk.no.
Vi serverer gratis lunsj alle dagar!
Velkomen til oss!
