Me gjentek tilbod om gratis vaksinasjon mot smittsam hjernehinnebetennelse i vidaregåande skule i Bergen kommune. Vaksinasjonen blir også dekt i år av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune i fellesskap.
Dette gjeld dei som ikkje har tatt vaksina tidlegare.
Elevane i Vg1 melder seg på klasseliste hos kontaklærer innan fredag 13 februar.
Du vil få nærare informasjon om når du skal vaksinerast.
Her kan du lese meir om Bergen kommune sitt informasjonsbrev om tilbodet:
Informasjon til elevar om meningokokkvaksinering 2026.
På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om meningokokksjukdom og vaksinasjon: Ungdom anbefales vaksine mot smittsom hjernehinnebetennelse
Folkehelseinstituttet oppfordrar ungdom mellom 16 og 19 år til å vaksinere seg.